TIDLEGARE KONSERTAR

"Eit norsk New Orleans" - Festspelkonsertar 24. og 25. mai 2014

Seminar og konsert - mars 2014

Den store Nyttårskonserten 2014 med Sunnivakoret og Ytre Suløens Jass-ensemble


Laurdag 11. januar 2014 hadde Åndalsnes og Rauma kulturhus for første gong besøk av Sunnivakoret, og søndag 12. januar var koret også for første gong i Stordalshallen.

Etter snart ti år saman med Ytre Suløens, kan vi vel - utifrå publikumsframmøte og presseomtalar - seie at desse konsertane har blitt ein slager. Det renommerte jassensemblet feirar 40 årsjubileum i 2013, og er viden kjent.
Renommert er også Tricia Boutté, no etablert og busett i Noreg; ein ektefødd New Orleans-artist med mange opptredenar saman med ensemblet, og ei stemme som berre må opplevast!
Ytre Suløens og Tricia er forøvrig nyleg heimkomne frå opptreden i Luanda, Angola.

Førjulskonsert i Volda kyrkje 30.11. og Sande kyrkje 01.12. 2013.



Jubileumsåret til Sunnivakoret vart avslutta med førjulskonsertar på Søre Sunnmøre, i "Volda-katedralen" tidleg på kvelden laurdag 30.11., og i den gode konsertkyrkja på Sandsøya søndags ettermiddag kl. 16.00.

Jubileumskonsertar:

I 2013 har Sunnivakoret vore i aktivitet i 10 år, og i det høvet arrangerte vi jublieumskonsertar 6. og 7. april.
Saman med musikarar og solistane REIN ALEXANDER og STINE HOLE ULLA heldt koret konsert i kyrkja på Sunnivakoret sin "fødestad" Selje, laurdag 6. april kl 18.00, og i Operahuset på Nordfjordeid søndag 7. april kl 18.00.

Takk til alle som møtte fram og deltok i feiringa !

Nyttårskonsertane 2013

I 2013 er det 10 år sidan Sunnivakoret vart starta, og det vert eit innhaldsrikt jubileumsår for koret.
Det er også 40 år sidan Ytre Suløens Jass-ensemble kom i sving. Vi startar difor året med å feire våre 50 år (10+40) med ein heidundrande nyttårskonsert i lag!

Dette året vert nyttårskonsertane 5. januar i Brattvåg på Ingebrigt Davik-huset, og 6. januar i Ulsteinvik på Sjøborg kulturhus. Vi håpar mange vil få med seg denne feiringa!

Haustkonsertane i oktober og november 2012:

Ettersommarkonsert på Sandsøya - Søndag 26.august kl. 16.30

Sande kyrkje ligg på Sandsøya ut mot havet på Sunnmørskysten; ein idyll på godversdagar om sommaren, men temmeleg verhardt når haust- og vinterstormar set inn.

Søndag 26. august kl. 16.30 vert det konsert i Sande-kyrkja med Sunnivakoret under leiing av Per Oddvar "Prots" Hildre. Det store koret har denne gongen med seg Bjørnar Myhr på piano og Svein Hunnes på bass, og Tina Brandal er solist på fleire av songane. Vi gler oss til å synge i denne fine "øykyrkja"!
Over ser vi noko av Interiøret i Sande kyrkje, prega av m.a. eit alterskap frå middelalderen og utsmykkingar av malaren Jonas Peson frå 1930-åra.

Nedanfor ser vi også det spesielle orgelet i Sande kyrkje, eit godt konsertorgel som har blitt mykje brukt til konsertverksemd dei seinare åra, mellom anna med dei årvisse konsertseriane "Orgelsommar i Sande".

Søndag 26. august vert det altså ein fin korkonsert i ei vakker kyrkje i flotte omgivelsar, så nytt høvet og ta turen til Sandsøya denne søndagen!

Ferje - frå Larsnes kl. 15.15 og frå Åram kl. 15.30