Helsing frå New Orleans!


Melding til New Orleans-fararane frå dirigenten!


08.10.2013 21:52

Kjære alle New Orleans-fararar. Har forstått at det tok litt tid å kome seg heim ( kråke møter måke) Takk i alle fall for ei kjempeveke! Dette vart likare enn eg hadde drøymt om. Er enno i The Big Easy og nyt byen. Har fått positive og til dels panegyriske tilbakemeldingar frå mange kantar. Det som går att er "awsom" korklang og sanggleda som strålar ut frå koret.
Eigaren av Palm Court der vi hadde avsluttingsmiddagen tok kontakt og ville at vi neste gang må ha full konsert der. Ho var tydeleg rørt og begeistra. Ikkje dårleg det i denne byen som er van med det meste. Det samme galdt musikarane. Banjoisten var over seg av forundring og begeistring også. Han måtte få adressa til heimesida.


Beste helsing frå ein stolt dirigent.

Prots



Kort førehandsomtale


Fredag 27. september dreg eit stort reisefylgje av korsongarar m.m. frå Norge til jazz-byen New Orleans.

Dei fleste av dei er songarar frå Sunnivakoret, og elles er det songarar frå koret Good Gospel frå Gjøvik og dirigentar, musikarar m.fl.
I dagane fram til søndag 6. oktober skal dei m.a. ha seminar under leiing av professor Carver S. Davenport, og songaren og dirigenten T.C.Hawkins.

Songarane frå Sunnivakoret og Good Gospel skal også halde norsk konsert i sjømannskyrkja, og synge i T.C. Hawkins si kyrkje.

I tillegg til seminar, øvingar og konsertar, skal det bli tid til å sjå seg om, både i den legendariske jazzbyen og på plantasjar i ”alligatorland” i sumpane som vi finn i dette området. Elvebåtcruise på Mississippi vert det også høve til.

Dette blir nok ei minnerik songreise!