Kort om Sunnivakoret

Sunnivakoret vart starta sommaren 2003 i samband med førebuinga til Sunnivafestspela og teaterkonserten "Lyset frå Selja", som hadde urpremiere på klosterøya Selja i 2004. Tidleg i juni 2003 møttest songarar frå fleire kor i Nordfjord og på Sunnmøre til eit storkor på ca 120 songarr, med den fyrste felles samlinga i Selje. Sidan har koret vore i full aktivitet med over hundre  konsertar av ulik art - m.a. på Vestlandet, Austlandet  og  Midt-Noreg.

Nøkkelpersonen i etableringsfasen var eldsjela Oddvar Stave, som dessverre døydde i 2008. Heilt frå starten av har Per Oddvar "Prots" Hildre vore dirigent og kunstnarisk leiar for koret. 

Koret har hausta svært gode kritikkar med sine konsertar. Mange særs dyktige solistar og musikarar har fylgt Sunnivakoret på vegen, som til dømes Ytre Suløens Jass-ensemble med solist Tricia "Teedy" Boutté.
Festspela i Bergen, Olavsdagane i Trondheim og Rørosmarknaden er elles kjende arrangement som koret har deltatt på med konsertar. To utanlandsturar har det og blitt; New Orleans og Berlin. i 2023 håper koret på ein gjenvisitt  med vokalgruppa Vocal Divas  på Cuba.

Koret  har no ca  60 koristar frå StadVanylven og Kinn kommunar, som og var rekrutteringsregionar i starten Men vi har også deltakarar frå andre kantar av landet, bl.a. Førde, Oslo og Toten. Fram til 2020 hadde koret meir eller mindre fast samarbeid med ulike folkehøgskular, bl. a Haugetun, Borgund og Sunnfjord, gjennom såkalla kortkursseminar.  Dirigenten var då tilsett ved folkeskulen.  

Type your new text here.


Oddvar Stave, Sunnivakorets far med ei lita takk og påskjøning frå koret under ei samling i Sogn 2008.