Konsertinfo

Laurdag 24. og søndag 25. november skal Sunnivakoret framføre musikkversjonen av Eyvind Skeie si bok "Sommerlandet". 

Fyrste framføring vert i Syvde kyrkje kl 18.00 på laurdag, og søndag vert det framføringar i Volda kyrkje kl. 15.30 og i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø kl. 19.00.