Jubileumskonsertar

SUNNIVAKORET FEIRA 10 ÅR. Konsertar med
REIN ALEXANDER og STINE HOLE ULLA

Mange såg kanskje Rein og Stine opptre på TV2 saman på innsamlingsaksjonen for SOS barnebyer før jul. ( KLIKK HER og lytt til framføringa av 'Pie Jesu'.)
I vår kunne dei opplevast live 6. og 7. april, høvesvis i Selje kyrkje og i Operahuset Nordfjord på Eid !

Sunnivakoret starta ”jubileumsreisa” si i ID-huset i Brattvåg og på Sjøborg i Ulsteinvik i byrjinga av januar. Nyttårskonsertar med Ytre Suløen som ga nesten to fulle hus og stor stemning.

Seinare i år, i slutten av september, kryssar Sunnivakoret Atlanteren og til jass- og kulturbyen New Orleans. Der skal koret halde konsertar, få meir inspirasjon av dyktige lærarkrefter, bl.a. Carver S.Davenport, og sjølvsagt ta pulsen på Louis Armstrong-byen.

Som avslutning på jubileumsåret står også to julekonsertar på programmet i månadskiftet november-desember.

Artistane:


REIN ALEXANDER burde vere velkjend for dei fleste, ikkje minst har sunnmørske røter gjort han ekstra populær i regionen. At han har ei framifrå songstemme veit dei fleste. At han også kan vere allsidig og meistre dei fleste sjangrar var meir ukjent. Det dokumenterte han imidlertid glimrande gjennom si deltaking i Stjernekamp på NRK i haust.
STINE HOLE ULLA er førebels i fødselen av si songkarriere, men her anar vi ei ny Sissel Kyrkjebø! Hennar tolking av” O Helga natt” er berre framifrå! Og gjennom programmet ”Årets norske Talent 2012” synte ho kvalitet frå start til mål. Ikkje berre Alex Rosen kan bli stum av denne stemma! Ei songstjerne det skal bli interessant å følgje vidare.
ENSEMBLE:
Medverkande forøvrig på jubileumskonserten i april var Bjørnar Myhr, piano,
Miki Campins, perkusjon,
Svein Hunnes, bass,
Olga Pavlova og Kari Standal Pavelich, filolin.
Dirigent,
Per Oddvar ”Prots” Hildre.
Denne virtuosen av ein dirigent sluttar aldri å imponere! Han har verkeleg utvikla koret i løpet av desse ti åra. Med si entusiasme, pedagogiske kløkt, koreografiske og arrangementstekniske kreativitet blir det aldri kjedeleg, verken på øving eller konsert. Stadig nye utfordringar ventar for koristane. Rett og slett ein inspirator av klasse!