Litt om jubileumsår og konsertar

by Jon-Arve on January 25th, 2013

SUNNIVAKORET FEIRAR 10 ÅR!
Jubileumskonsertar med
REIN ALEXANDER OG STINE HOLE ULLA (Årets talent 2012)
 
Mange såg kanskje Rein og Stine opptre på TV2 saman på innsamlingsaksjonen for SOS barnebyer før jul. No kan dei opplevast live 6-7 april, høvesvis i Selje kyrkje og i Operahuset Nordfjord på Eid!
Rein Aleksander burde vere velkjend for dei fleste, ikkje minst har sunnmørske røter gjort han ekstra populær  i regionen. At han har ei framifrå songstemme veit dei fleste. At han også kan vere  allsidig og meistre dei fleste sjangrar var  meir ukjent. Det dokumenterte han imidlertid glimrande gjennom si deltaking i Stjernekamp på NRK i haust.
 
Stine Hole Ulla er førebels i fødselen av si songkarriere, men her anar vi ei ny Sissel Kyrkjebø! Hennar tolking av” O Helga natt” er berre framifrå! Og gjennom programmet ”Årets norske Talent 2012” synte ho kvalitet frå start til mål. Ikkje berre Alex Rosen kan bli stum av denne stemma! Ei songstjerne det skal bli interessant å følgje vidare.
 
Ensemble:
Medverkande forøvrig på jubileumskonserten i april blir Bjørnar Myhr, piano, Stein Lied, perkusjon, Svein Hunnes, bass, Olga Pavlova og Kari Standal Pavelich, filolin.
 
Dirigent, Per Odvar ”Prots” Hildre. Denne virtuosen av ein dirigent sluttar aldri å imponere! Han har verkeleg utvikla koret i løpet av desse ti åra. Med si entusiasme, pedagogiske kløkt, koreografiske og arrangementstekniske kreativitet blir det aldri kjedeleg, verken på øving eller konsert. Stadig nye utfordringar ventar for koristane. Rett og slett ein inspirator av klasse!
 
Sunnivakoret starta ”jubileumsreisa” si i ID-huset i Brattvåg og på Sjøborg i Ulsteinvik i byrjinga av januar. Nyttårskonsertar med Ytre Suløen som ga nesten to fulle hus og stor stemning.
Seinare i år, i slutten av september, kryssar Sunnivakoret Atlanteren og til jass- og kulturbyen New Orleans. Der skal koret halde konsertar, få meir inspirasjon av dyktige lærarkrefter, bl.a. Carver S.Davenport, og sjølvsagt ta pulsen på Luis Armstrong byen.
 
Som avslutning på jubileumsåret står også to julekonsertar på programmet i månadskiftet november-desember.
 
Men først: Møt opp for ei stor konsertoppleving etter påske. Dette bør du få med deg!
 
Laurdag  6 april: Selje kyrkje 
Søndag 7 april: Operahuset Nordfjord


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Søk

Follow

follow on
Categories

Tags

no tags